Sund SK

Klubbinformasjon

Klubbinformasjon

Sund Sportsklubb

Postadresse: Postboks 16
Besøksadresse: Skogeveien 30, Hald Stadion
Postnummer: 5371 Skogsvåg
Kontonummer: 3208 20 58264
Telefon til leiar: 901 47 272 
Øvrig kontaktinfo finn du her
E-post: post@sundsk.no
Hjemmeside: www.sundsk.no
 
Organisasjonsnummer: 983 409 075
 

Bakgrunn

Klubben blei stifta som Fotballklubben Hald 15.04.1965,  men blei 01.01.2012 slått saman med Sund Idrettslag og fekk namnet Sund Sportsklubb.
 
Samanslåinga var eit resultat av ein lang prosess der alle dei 4 store idrettslaga i Sund Kommune deltok. Det var berre FK Hald og Sund IL som gjekk inn for å skape ein felles og meir robust sportsklubb i Sund. Ved samanslåinga hadde Hald FK fotball som aktivitet, og Sund IL hadde handball som aktivitet. Målet var å utvide aktivitetane i klubben.
 
Sund Sportsklubb er ein breddeklubb med sportsleg aktivitet innan handball, fotball og futsal. Klubben eig og driftar Hald Stadion, eit komplett fotballanlegg med 2 kunstgrasbanar, klubbhus, parkeringsplass og sandvolleybane. Grasbana som vart bygd i 1982, blei i 2018 erstatta med ein flott kuntsgrasbane med flomlys og vatningsanlegg. Den nye bana vart offisiellt opna 10.mai 2018.
 
Handballgruppa og Futsalgruppa har sine aktivitetar i kommunale haller.
 

Klubbhuset stod klart til bruk i 1984 og den eldste kunstgrasbana blei anlagt i 2002.

Anlegg og sportsleg drift av Sund Sportsklubb er fullt og heilt dugnadsbasert.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift